|
Etter det Bergens Tidende har grunn til å tru vil fiskeriminister Helga Pedersen seinare i dag varsle at Regjeringa set ned eit utval for å vurdere korleis ei slik avgift skal utformast og kven som skal få pengane, staten eller kommunane.
Opphavleg ville regjeringa berre vurdere ei avgift på nye oppdrettskonsesjonar. Avgifta skulle tilfalle kommunane.
Undervegs er det truleg blitt klart for regjeringa at ei slik ulik handsaming av nye og eksisterande konsesjonar vill vere vanskeleg. Difor vil mandatet til utvalet høgst sannsynleg bli å vurdere fjordleige for heile oppdrettsnæringa.
Bakgrunnen for at fjordleige blir vurdert er aukande lokal misnøye med oppdrettsnæringa. Sentralisering av slakteria og effektivisering av drifta har gjort at eit aukande tal kommunar sit att med få arbeidsplassar og skatteinntekter frå anlegga i fjordane og kystområda sine..
Samstundes aukar konfliktane mellom oppdrettsinteressene på den eine sida og hytteeigarar, fastbuande, yrkesfiskarar og fritidsfiskarar på den andre.
Ei rekkje ordførarar, mellom dei Terje Søviknes i Os og Jorunn Skåden i Sveio, har tatt til orde for å innføre ei arealavgift som skal tilfalle kommunane. |