Framsida
Hovudside
STYRET I KJSFL
MEDLEM
JAKTUTVAL
LEIRDUEGRUPPA
ETTERSØKSLAGET
JEGERPRØVEKURS
FISKEUTVAL
BILDEGALLERI
Nyhende
Kontakt oss
Tlf:
45020522
E-post
laroks@online.no

Oppdrettarane må betale fjordleige

Fiskeoppdrettarane får truleg ikkje lenger boltre seg gratis på kysten. Regjeringa vil innføre fjordleige.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Etter det Bergens Tidende har grunn til å tru vil fiskeriminister Helga Pedersen seinare i dag varsle at Regjeringa set ned eit utval for å vurdere korleis ei slik avgift skal utformast og kven som skal få pengane, staten eller kommunane.

Opphavleg ville regjeringa berre vurdere ei avgift på nye oppdrettskonsesjonar. Avgifta skulle tilfalle kommunane.

Undervegs er det truleg blitt klart for regjeringa at ei slik ulik handsaming av nye og eksisterande konsesjonar vill vere vanskeleg. Difor vil mandatet til utvalet høgst sannsynleg bli å vurdere fjordleige for heile oppdrettsnæringa.

Bakgrunnen for at fjordleige blir vurdert er aukande lokal misnøye med oppdrettsnæringa. Sentralisering av slakteria og effektivisering av drifta har gjort at eit aukande tal kommunar sit att med få arbeidsplassar og skatteinntekter frå anlegga i fjordane og kystområda sine..

Samstundes aukar konfliktane mellom oppdrettsinteressene på den eine sida og hytteeigarar, fastbuande, yrkesfiskarar og fritidsfiskarar på den andre.

Ei rekkje ordførarar, mellom dei Terje Søviknes i Os og Jorunn Skåden i Sveio, har tatt til orde for å innføre ei arealavgift som skal tilfalle kommunane.

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
15.03.2025
Denne sida ser ikkje ut til å virke for alle diverre.
Vi har problem med å oppdater den.Prøv heller denne trykk her
Les meir
23.02.2025
KJSFL ÅRSMØTE 10.03.25


Det vert halde årsmøte måndag 10.03.25 kl1800 i Grendahuset i Herøysund
Forslag/saker sendes styret innan 07.03.25 oa-yn@online.no






Les meir
28.09.2024
Predatorjakt!!
Les meir
17.06.2024
Ettersøksavtale jakta 2024
Ettersøksavtale 2024
Les meir
08.11.2023
Ekstraordinært årsmøte
Ekstraordinært årsmøte onsdag 22.11. kl 19-21. i Grendahuset i Herøysundet. Møte omhandlar lokale vedtekter som skal reviderast i tråd med NJFF sine retningslinjer.
Les meir
Linker
Dynamiske websider utviklet av: iDrift AS