Framsida
Hovudside
STYRET I KJSFL
MEDLEM
JAKTUTVAL
LEIRDUEGRUPPA
ETTERSØKSLAGET
JEGERPRØVEKURS
FISKEUTVAL
BILDEGALLERI
Nyhende
Kontakt oss
Tlf:
45020522
E-post
laroks@online.no

KJSFL reportasje i Kvinnheringen

Kvinnherad Jeger & Sportsfiskarlag har søkt om å få hand om dei 15 hjorteløyva på Valen og Handeland Gard.

 

Knut Arne Haga har vist stort initiativ og har saman med Øystein utarbeid ein søknad om hjortejakt, som førte til denne reportasjen:
 

Søkjer hjorteløyve på ideelt grunnlag

Kvinnherad Jeger & Sportsfiskarlag har søkt om å få hand om dei 15 hjorteløyva på Valen og Handeland Gard.

Hordaland Fylkeskommune lyste ut løyva i slutten av mars, og skriv i lysingsteksten at ein i utgangspunktet ønskjer ein femårsavtale. Fristen for å søkja gjekk ut 7. april.

 
Klikk på bilete for full storleik
 
 

ØNSKJER HJORTELØYVE: Leiar i Kvinnherad Jeger & Sportsfiskarlag, Øystein A. Ynnesdal, vonar fylket ikkje berre ser på kronene når 15 hjorteløyve på Valen og Handeland Gard skal leigast ut.

 
 

Opplæring

Kvinnherad Jeger & Sportsfiskarlag (KJSFL) reknar ikkje med å kunna konkurrera på pris, men argumenterer i søknaden med tilbod som vil koma ålmenta til gode.

– Me har små midlar, men ønskjer å kunna tilby medlemene våre jaktopplæring. Det er ikkje lett for ferske jegerar å sleppa til, dersom ein ikkje har familie eller kjenningar i eit eksisterande jaktlag, seier leiar i KJSFL, Øystein A. Ynnesdal.

Av den grunn er det mange som tar jaktprøva som aldri blir aktive jegerar.

Skulle KJSFL få hand om dei 15 løyva, er planen å la ferske jegerar gå saman med erfarne. Ettersøkslaget i Kvinnherad er ei undergruppe av KJSFL. Laget ser mange fordelar ved å kopla ettersøksjegerane med ferske jegerar. Slik kan fleire få innsikt i ettersøksarbeid, og dessutan god kontakt med jegerane i ettersøkslaget.

– Me ønskjer òg å gi tilbod til fysisk handikappa som ønskjer å gå på jakt, legg Ynnesdal til.

 
 
 

Pris

I utlysinga heiter det at tildelinga av løyva vil skje på bakgrunn av ei vurdering av pris og jakterfaring. Fylkeskommunen sin sakshandsamar har ikkje sett på søknadane, men understrekar overfor Kvinnheringen at ein kjem til å halda seg til det som står i utlysinga.

– Men sidan det er tale om løyve på fylket sine eigedom, burde det vore ope for ålmenta, appellerer Ynnesdal.

KJSFL har vel 220 medlemer og til tilslutta Norges Jeger og Fiskeforbund.

 
 
 

Jonn Karl Sætre

jonn.karl@kvinnheringen.no

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
15.03.2025
Denne sida ser ikkje ut til å virke for alle diverre.
Vi har problem med å oppdater den.Prøv heller denne trykk her
Les meir
23.02.2025
KJSFL ÅRSMØTE 10.03.25


Det vert halde årsmøte måndag 10.03.25 kl1800 i Grendahuset i Herøysund
Forslag/saker sendes styret innan 07.03.25 oa-yn@online.no






Les meir
28.09.2024
Predatorjakt!!
Les meir
17.06.2024
Ettersøksavtale jakta 2024
Ettersøksavtale 2024
Les meir
08.11.2023
Ekstraordinært årsmøte
Ekstraordinært årsmøte onsdag 22.11. kl 19-21. i Grendahuset i Herøysundet. Møte omhandlar lokale vedtekter som skal reviderast i tråd med NJFF sine retningslinjer.
Les meir
Linker
Dynamiske websider utviklet av: iDrift AS