|
Villreinnemnda for Hardangerviddaområdet har med det godteke forslaget til kvote frå villreinutvalet. Det medfører at kvoten for Hardangervidda i 2008 vert 1500 dyr.
Av dei er 25 prosent frie, det vil i praksis seia vaksen bukk. 45 prosent simle/ungdyr og 30 prosent kalv.
Kvoteforslaget var fyrst sett til 2 000, men etter at teljingane tidlegare i vinter viste at det var langt færre dyr enn venta på Hardangervidda, er no kvoten redusert med fem hundre.
Målet er å få stamma opp i 11 000 dyr. Det har teke lenger tid enn planlagt. Elles er det ikkje andre problem knytt til det, enn at det vert litt færre dyr å jakta på.
No nærmar kalvinga seg også, og flokkane er på trekk mot vest. Difor er det også innført ferdsleforbod i enkelte deler av området. Og det er slutt på køyring med snøscooter frå i dag onsdag. |